Ich Liebe Rock`n Roll



Det var meininga at eg skulle på Pål Flåta på fredagen, saman med Flanellskjortemannen, Lars Magnus, Bjarth Vader og Beelzebub, man så vart båe Flanellskjortemannen og Flåta sjuke, og konserten avlyst.

Saka er den, at det er gode tider for dei som likar god livemusikk i oljehovudstaden, for på Folken skulle nemleg Spidergawd og Årabrot dela scene.

To rockeband av god sort til under 400 kroner, det er mest for godt til å vera sant, og sjølv om mange av dei som ville på Flåta sto over Folken-pakken, så stilte Lars Magnus og eg, saman med nokre hundre andre.

Scenen såg nokså liten ut, for det var mykje utstyr, og Årabrot sitt sto framst, og bak det hadde dei sett opp eit krusifiks med lyspærer rundt, og då dei gjekk på var klokka nøyaktig 2100, og dei auste på, med masse energi, ein mann i kvite klede og ein rar hatt i kolonist-stil (hvis det er lov å sei) på høgre side av scenen, og eit fyrverkeri av eit kvinnfolk (hvis det) er lov å sei, som spant rundt, spelte på to synthar på ein gong, og kora, og ho var òg kvitkledd, og heile bandet var pur energi, og han på gitar sa at dei spela skitten, hard rock'n roll , og det var grasat tøft sagt og gjort. 

Om det der e Karin Park?, roper Lars Magnus inn i øyret mitt, og peikar på dama, og det er det visst, og me lener oss mot barrikaden framfor miksepulten og drikk øl og har det godt.

Dei spelar kanskje ein liten time, og eg kunne fint klart ein song eller to til. Det er eit godt teikn, for å seia det slik.

Spidergawd er headlinarar, eit nokså klassisk rockeband med base i Trondheim. Dei har standard besetning - to gitarar, bass og trommer, pluss ein altsaksofon.

Det som slår meg sånn visuelt sett, er at det der jækla trommesettet ikkje skulle ha stått så langt framme på scenen. Det ser heilt mongo ut (mongo er det ikkje lov å sei, men så lenge eg ikkje snakkar ned LBGTQRSA-røyrsla, så trur eg redaktøren let det passera).

Det er eit flott og stort og blankt trommesett, eg tel fem tammar, men trommeslagaren ser eg berre mellom songane. Dette nokså rare oppsettet gjer at voklaist og gitarist Per Borten Junior må stå framme på høgre side, med saksofonisten bak seg, og han andre gitaristen dstår framme på venstre side, med bassisten bak seg. Dei står rett nok ikkje i ro, dei byttar plassar heile tida, og byttar på å synge, og er nokså dynamiske, speler tøft og tett, sjølv om lyden er litt grauten, og særleg saksofonen druknar i støyen frå alt det andre, men me kosar oss, ALLE ser ut til å kosa seg fælt, men seinare kjem det ein rørande augneblink då Borten hyllar Jon Ingvar Skåtøy, ei ildsjel i Stavangerrocken, som har betydd så mykje for så monge, og som tragisk gjekk vekk for ei drøy veke sidan. 

Trommesolen skjønar eg ingenting av. Trommesoloar er meiningslause. Gitarsoloar kan òg vera meiningslause. Oftare enn motsett.

Då Spidergawd var ferdige, sa Ståle som sto på sida av meg at det var ein kveld som ga rocken håp, og det var nokså godt sagt.

Sjølv gjekk eg nok litt lei på slutten, og det handlar kan hende mest om at eg sakna litt variasjon i songane, og å høyra vokalen og saksofonen skikkeleg.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta