Trollegg

Eg las i Aftenposten si nettutgåve at Felleskjøpet er gått tome for den lyseraude rundballeplasten - den der delar av salgssummen går til inntekt for forskning på brystkreft.
Det er på alle måtar gledeleg.
Først og fremst på grunn av sjølve saka, men òg fordi lyseraudt viser godt igjen, og ellers vanlegvis ikkje vert forbunde med det maskuline bondeyrket.
Rundballen har forøvrig vorte nytta til politiske markeringar før - mot utbyggjing av matjord - mot turistflaumen i Geiranger -  mot bondefiendtlege statsrådar - og kan hende aller mest i EU-kampen på byrjinga av 90-talet.
Eg las ein stad at turistguidane som guidar smellfeite amerikanerar, tyskerar og kineserar frå cruisebåtane i indre Stavanger havn kallar rundballane for trollegg.
Ein kan berre spekulera i om dette er for skjemt, eller skuldast manglande kunnskap om landbruket.
Men turistane likar visst teorien.


Bønder er ellers ikkje kjende for politisk aktivisme, dersom ein ser vekk frå protestane i samband med ekstra dårlege jordbruksoppgjer.
Bønder er ikkje ei homogen gruppe. Det er nok hovudårsaka.
Langs aksen av bondestanden finn ein bade Sv-erar, Krf-erar, Senterpartistar og Høgrefolk - ja, til og med ein og annan FRP-ar (!).
Politisk tilknytning synest ofte å henge saman med kor mykje eigedom ein har - kor 'stor' ein er.
Dei som køyrer hevd på 1.Mai er nok ofte dei som har mykje frå før. Mykje hevd i alle høve.
Eg veit ikkje om det er vanleg lenger. Eg vonar ikkje det.


Det eg derimot har ei von om er å få sjå meir av slike ting som den lyseraude rundballeplasten.
Eller små frekke slagord på kvit plast:  som desse:


Fantomet er hard mot dei harde.
Tork av deg fliret
Ta deg ei pera
Ett tut = ein knib
Me sel ikkje egg
Grav deg him




For eg ser eit potensiale i at rundballeplastpoesi kan verte tagging sin litt stridige fetter frå landet.
Ein annan gong skal eg fortelje om eggetraller som kontaktannonser på 80-talet.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta