Dei Urolege

 Det er mammutsalg i bokhandlane, og dei seinare åra har eg byrja å kjøpa litt bøker igjen. Bøker og plater er det einaste eg bryr meg om å eiga fleire av, og som eg vil ha rundt meg heile tida.

Så hadde eg bestilt nokre bøker, da og var for å henta dei på Ark Sjildn, og heilt tilfeldig var min ven flanellskjortemannen òg der, og då eg til slutt får bøkene mine, ser han den eine, som er av Linn Ullmann - som eg har veldig sans for, og så seier han at han trudde me hadde lese den i lesesirkelen for nokre år sidan, og der er jo eg òg med, og visst pokker hadde me det.

I den eine boka eg les no, av Cormac McCarthy, den som heiter Stella Maris, så har akkurat psykologen spurt pasienten om kor monge bøker ho har lese, og ho landar på ti tusen, og så spør han om ho hugsar alt ho har lese, og då svarer ho: Ja, hvorfor skulle man ellers lese det.

Ho er nok ein av dei aller skarpaste knivane i skuffen.

Min ven og våpendragar Arne Andrè har kjøpt 4 pallar med hifiutstyr på auksjon. Inkludert 17 rullar high end høgtalarkablar.

Eg elskar det litle snevet av galskap som ligg i det, optimismen i botn.

Min ven Ollve, som held med Manchester United inviterte meg på kamp på Søndag, heime hjå seg, og det er det har han ikkje gjort sidan United var betre enn Liverpool for 7-8 år sidan, og akkurat no er United betre enn Liverpool igjen, og det er lov å spørja seg om det kan ha ein samanheng.

Eller om det er heeeeeilt tilfeldig.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Løa i Tønnevik