Mi jobbreise del 16: Pub staff

Bilderesultat for St denys southampton
Engasjementet mitt som håndmann ebba ut på forsommaren i 2003, og eg reiste heim og vart fulltids avløysar for ein månads tid.
Då eg kom tilbake på sommaren søkte eg jobb på ein pub. Eksen og det Engelsk/Italienske paret hadde funne eit nytt husvære i St. Deny's (framleis Southampton). Det var eit mykje finare hus enn det i Honeysuckle. Det hadde endå til 3 soverom, 2 bad, stove og kjøkken.
Og tepper sjølvsagt. Vegg til vegg.
Puben på biletet her - The Junction var berre to minutt unna, og var ein såkalla local pub. Opprinneleg vart han bygd for å stilla mat og drikke - behova til dei som bygde jernbanen i 18 pilogbue. På den tida var baren delt i 2 - slik at funksjonærane slapp å blanda seg med vanlege arbeidarar.
Eg tenkjer at dette er relevant for den raude tråden her - om det fins ein slik - klasseskillet som gjorde at funksjonærane var betre enn arbeidarane - sjølv på puben.
Det er ein streng som dirrar djupt i botnen av sjala mi når eg høyrer slikt. Eg har kun forakt til overs for VIP - Buisness Class, First Class.Folk er folk. Fuck you all.
Som John Lennon ein gong formulerte det under ein konsert i Royal Albert Hall: Those of you in the front: Clap Your hands - those in the back: Just rattle your jewelery.
Ikkje rart Elvis vart bekymra.
Eg var ikkje skapt til å jobba på pub heller. Eg slappa ikkje så godt av der, bak baren, sleit med å sjå folk i auene, men eg gjore ting heile tida, henta glas, tømde askebeger, tappa øl og serverte drinkar over bardisken.
Det var House Vodka og House Whiskey som kosta berre to pund for 50 ml, men som ga deg den styggaste hovudverken i heile St. Deny's.
Det var Bitter Top og Shandy, som var limonade blanda med bitter, kor absurd det enn høyrest ut.
Klientellet på The Junction var folk frå nabolaget i alle aldrar. Opningstidene var frå klokka 12:00 til klokka 23:00, kvar dag. Dei serverte mat. Klassikerar frå det britiske kjøkken. Fried Ham and Eggs, Fish & Chips, Sunday roast, og Bangers & Mash.
Det var ikkje så uvanleg at ungar frå nabolaget kom innom for å kjøpa middag, som ofte var a bag of chips til eit drygt pund.
Stillinga mi var vel toppen 20 prosent. Eit par vakter i veka. Litt ekstra vasking. Nokre gonger saman med andre, når det var travelt, Fredag eller Laurdag eller bank holiday.
Forutan Martin, som var gift med Dawn, og dermed ein del av Crewet på the Junction, arbeidde det 3-4 damer, og dei var alle nydelege folk, laidback, service-innstilte, sosiale, og alltid klare for tøys & tull.
Det var mange stamgjester som frekventerte staden, dei hadde alle sine vanar og var forutsigbare i drikkemønstera sine. Det var ein som alltid drakk Guinnes, ein akademikarfyr, og eg gløymer aldri dei auene han sette i meg då eg tappa den første Guinnessen til han. Det var 70 prosent øl, og 30 prosent skum, og Martin måtte redda situasjonen, og tappa opp eit halvt halfpint-glas og sette på sida av.
Eg fekk aldri teken på å tappa Guiness, så til slutt fekk han alltid litt i eit glas i tillegg.
Av alle jobbar eg ikkje har blitt rik av, er pubjobben den eg har vorte minst rik av, for eg sat ofte og drakk med gjestene når eg ikkje hadde vakt. Og minsteløna på 5 pund i timen fekk fort føter å gå på. Ein betre ansatt har dei kan hende aldri hatt der i garden.
Det var eit par gamlekarar eg bruka å ta eit par øl med. Det var stas. Litt for dei, men mest for meg. Dei fortalte gamle historier og drakk Carlsberg til dei vart raude i andletet og blanke i blikket.,


Eg må fortelje om eit gravøl eg serverte i.  Det var første gong eg såg puben verte brukt som eit bedehus, eller eit forsamlingslokale.
Eg serverte IPA - øl i svære mugger til folk som var skitings. Det var sikkert 100 mann der inne, og dei song så høgt og vakkert at eg sleit med å halda tårene attende. Det var folketonar dei song, og nokre gongar - seier eg dykk - nokre gongar kan alkohol bidra til ei utrensking av innestengd sorg, og når vi syng saman så slår hjarta våre i takt.
Og det var kjærleik der, i rommet. Og sakn, trur eg. For dei som har reist i førevegen over elva, dei kjem aldri attende.
Og kven veit kva som møter oss der?
Og paret som dreiv staden sto og haldt rundt kvarandre. Og the Junction var aldri vakrare enn i den augneblinken.
Og eg flytta heim og vart Felleskjøp-mann. Og her sluttar på mange måtar mi jobbreise, og ein av dei næraste dagane skal eg konkludera, eller seia noko om den måten me brukar liva våre til å jobba på, og kvifor me eigentleg gjer det, og om ungane våre som me førebur på å gjera noko liknande som oss sjølv. Og KVEN er vi? OG KVAR KJEM VI FRÅ?
OG KVEN HAR NACHSPIEL?
Det er spørsmålet.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta