Viking te me dør

Jon Evil hadde invitert meg med for lenge sidan, og eg hadde drøya med å svare, fordi det var farsdag, og fordi Liverpool- Fulham gjekk på same tid, og fordi Ingrid skulle spela si andre handballturnering, og fordi Rållså var vekke deler av helga. Mellom anna.
Det var ein event som var hypa så kraftig regionalt, at Aftenbladet sende live i 48 timar på førehand, og stadion var utseld for første gong sidan 2014.
Eg snakkar om Viking - Kongsvinger i Obos-ligaen, på SR- bank arena (Viking stadion).
Hovudårsaka til at eg nøla var likevel at i tilfellet Viking fotballklubb har eg ikkje vore ein trufast tenar. Eg har vel strengt tatt ikkje vore nokon tenar i det heile.
Det er komplisert.
Eg var på beggje cupfinalane - den dei tapte mot Odd Grenland i 2000 - og den dei vann mot Bryne i 2001.
Eg var på stadion i 2006 når dei sikra plassen på mirakuløst vis, og Peter Iljeh scora 4 mål.
Det var mykje kjensler då, og fotball skal vera kjensler. Gråt, raseri, samhald, botnlaus fortviling og ellevill jubel og glede.
Det fotball ikkje skal vera er likegyldighet. Det er det fotball har vore for meg. Lokalfotball.
Eg har rett og slett ikkje orka å forhalda meg til det, og etter at dei rykka ned til Obos i fjor, så datt dei ned på grunnfjellet, supporterteknisk, det vart gjese på tribunene og endå gjesnare i VIP - losjene.


Eg takka heldigvis ja til å vera med, og Jon Evil er uansett godt selskap. Og noko av hans entusiasme smitta over på meg. Og toget var driitlongt då det sklei inn på perrongen i Jåttåvågen, og tusenar på tusenar av siddisar velta ut av vognene, og me fordelte nokre strategiske småflasker med underberger oss imellom.
Og eg har tidlegare skrytt over mitt innebygde vibbometer, og vibbene på stadion i går var heilt utsøkt gode, lett nervøst i byrjinga, men med gode smil, og hordene holdt god trøkk. Og Kongsvinger hadde 10 supporterar som sto rett attmed oss. Og Viking fotball hadde 16000, og det var feige lag, og eg høyrte ikkje eit einaste NEEEEI! Eller HÆÆÆÆRREEEGUUD!  frå heimesupportarane igjenom heile kampen, sjølv då Iven Austbø glapp ballen på 1-0, og serverte KIL's angrepsspelar utlikningsmålet.
Eg brukar å kika meg rundt når eg er på kamp, og tversover for Evil og meg sat det ei mor med to ungar i alderen 6-8 år, og dei kosa seg skikkeleg, og på hovudet hadde dei hørselsvern.
I pausen sprang Jon Evil og meg over på thaien og hadde oss ein lynrask halvliter.
Og då me kom attende til tribuna, kom det nokre dråpar regn.
Og så fekk Kongsvinger utvist ein spelar, og ikkje lenge etter, dundra Tommy Høiland inn 2-1 frå 18 meter, og frå den augneblinken var alt eufori. Det vart 3-1 og, og Viking hadde vunne den ligaen som dei aldri skulle ha vore i i utgongspunktet, men kven brydde seg, for no vart det eliteserie neste år, og då fløyta gjekk, gjekk stadion av hengslene, og folk sprong ut på plastikkgraset og grein og haldt kring einannan, og klemde kvarandre og spelarane, men då Jon Evil freista å dra meg med ut på banen, så takka eg nei, for om han var ein del av grunnfjellet, så var eg framleis berre ein del av grusen som låg oppå.
Og eg tenkte at mange av dei som var der, i publikum, at me kan byggja vidare på dette. På dei kjenslene, og på det samhaldet, og saman med dei på banen så kan dette vera starten på noko veldig fint.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta