Meir

Mi jobbreise har vore temmeleg omfattande, og kvar post har gjeve erfaring og innsyn, og utfordra ulike sider ved meg.
Dei akademiske yrka har eg ikkje direkte kjennskap til, av di eg ikkje har høgskuleutdanning. Men akademikarar har jo vore borti. På den eine og andre måten.
Helsesektoren kjenner eg berre frå pasient/pårørande - sida, og skule & barnehagevesentet og.
Dermed kan ein trygt seia at eg ikkje har full oversikt.
På mange vis har eg alltid hatt sterke ambivalente kjensler overfor dette å velja jobb - eg såg ikkje akkurat noko yrke som var skreddarsydd for meg - eller omvendt.
Og i den grad eg vart dytta nokon plass - så var det nok i retning landbruket - for det å synga vart ikkje rekna som jobb, og stort sett ikkje det å skriva heller (eg visste vel knapt at eg kunne skriva då eg var 15).
Ikkje var eg særskilt interessert i noko, heller. Ikkje bakar, ikkje smed, ikkje mekanikar, ikkje lærar, ikkje... fyll gjerne inn alle yrke du kan koma på, og set inn slike åndssvake piktogram ved sida av.
Eg veit ikkje kva andre har kjent på. Eg greidde ikkje å velja. Alt såg like gudjammerleg kjedelig ut.
Men jobbing var mindre kjedeleg - og betre betalt - enn skule.
Mykje av gardsarbeidet eg dreiv med i barndomen og ungdomen var lite lysbetont. Det handla om å halda ut. Om du sto til kniss i drid, som Tønes synger, det handla om å tola det. Lera seg måtar å drøyma seg vekk på. Finslipa galgenhumoren.
Arbeidsglede var ikkje mi sterkaste side. Dette var nok noko som både bekymra og irriterte far, som elska å jobba. Eplet og stammen.
For eit par år sidan traff eg på ein av dei lærarane eg hadde på vidaregåande for 25 år sidan, og noko av det første han sa til meg var:
Du kasta vekk evnene dine, du.
Han sa det med eit lite smil, og som om det var ei sanning, som var opplesen og vedteken. Slik var det. Eg hadde skusla vekk alt det som kunne ha vore. Eg vart heilt paff, men eg skjøna kva han meinte, eg hadde ikkje klatra i nokon stige, eg hadde ikkje teke utdanning, eg hadde ikkje vorte politikar, eller ein som dei kunne lesa om i avisene, eg hadde vorte ein ganske alminneleg, middels industriarbeidar. Ein halvkjend musikar.
Han kom, ble svett, og dett var dett, som Marve Fleksnes seier i oppsummeringa av sitt liv.
Eg klarte ikkje å svara denne eks- læraren på ein skikkeleg måte, og det som irriterar meg mest er at eg følte at eg måtte gå inn og forsvara meg, og kva sa eg? Eg mumla noko om at eg var hovdeverneombud. Men ved å seia det, så hadde eg allerede gått med på at det var han som skulle leggja premissane. Måla meg og rynka litt på nasen. Som om eg knapt fortente å eksistera på denne skakke planeten.
Eg trur eg raudna og. Som om han hadde rett til å setja seg til doms over meg på det viset. Og seia det til meg – rett opp i andletet.
Empati kan vera ei vanskeleg øving.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta