Merkedagar


Eg tenkte på kyr ein dag, på den tida vi går inn i no, når dei hadde vore ute heile sommaren, og var blanke og fine og (relativ) lukkelege, og når hausten kom, og det nærma seg innsett, men at me drøydde det i det lengste, for å nytta beita og drøya sommaren, og me hadde kan hende beita av noko raigras, flytta straumgjerdet nokre meter kvar dag, men så kom regnet, og det regna mykje, fleire dagar, slik det gjerne gjer på Kåda, og då BESTEMTE dei seg for at no fekk det være nok, og så ein dag braut dei ned grinda og storma i full sprint inn mot Hovdamarka med halen i veret og juret flapsande frå side til side. Og det var ikkje slik berre eitt år, men kvart einaste på den tida, og som regel såg bonden poenget, og sette dei inn dagen etter. Det var ein av merkedagane, medan kveldane vart mørkare, lufta klårare. Og me hadde nokre mål med neper som me henta heim dag for dag. Køyrde grusvegen inn til breibø. Rygga innåt stuen og senka skuffa ned i god høgde. Drog opp neper etter lauvet. Dunka jorda av mot utsida av traktorskuffa. .Fylte heile skuffa slik. Det lukta sterkt, og innimellom var det ei rota nepe som lukta helvete på jord. Me tømde skuffa på banen, skufla det ned fôrluka etter mjølking. Dei elska det, kyrne. Åt nepe med lauv og alt, med iver og auga halvt lukka i att i rein nyting.Eg las ein stad at kyr i snitt berre vert 4-5 år gamle i 2018. Det gjer meg litt trist.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta