Ride ride ranken

Dotter mi har byrja på riding.
Det måtte vel koma, eg har sjølv vore deleigar i ein hest, ein uregjerlig islandshest døypt Frøya: utspekulert , ondskapsfull og bornehatande.
Frekkesen hadde og hest. Silvana. Eg likte henne ikkje.
Eg likar ikkje hestar så godt. Det er så mykje vibbar og styr. Tjuvtriks og himling med augene.
Eg likar kyr,det forutsigbare, rytmen, lyden. Dei gjer seg ikkje til, bit ikkje etter deg eller stiller seg med rassen til og nektar å samarbeide. Hestar har eit stort register av nedrige triks.
Hest er best som pålegg.
Men hesten er eit dyr, og sidan Rållså har ein teori om at eg kommuniserer best med slikt som ikkje har språk (dyr og små ungar), så er det meg som er utpekt til å vera assistent til hesteeventyret.
Dottera mi er det beste selskapet eg kan tenka meg. Ho er nyfiken, sosial, viljesterk og  har humor. Dessutan kan og veit ho mest alt, og det må ho ha etter mora. Eller kan hende etter farfaren.
Det fins verre måtar å bruka Torsdagsettermidagane på enn å vere saman med henne.
Ridinga går føre seg på ein gard ute på Randaberg, me sig i fint driv i bilkollektivet sin Peugeot - Rållså sitt handtegna kart ligg over Ingrid sitt fang.
Me er tidleg ute, svingar inn framfor ein fin liten gard, med raude bygningar, barnehage og kvite gjerder kring.
Me parkerer på ein romsleg parkeringsplass, og tuslar opp til det som skal vera stallen - kjenner på døra og går inn - inn i eit rom der det heng eit tjuetals salar på knektar mot eine veggen, og eg tenkjer at dette har vore eit silerom ein gong I tida, og at det har stått ein melketank på golvet, og at det har vore ei krukke av glas med røyr, der mjølka har rent igjennom, og at melkemaskinen har stått og dura, medan kyrne har blitt molka på den hi sida av veggen.
Me nølar litt, før me opnar døra inn til stallen, og det første som møter oss er synet av ei jente først i tenåra som står og kostar pelsen på ein hest. Ho smiler og seier namnet sitt, og me vert ståande utan å gjere så mykje. Tusla rundt og kika på hestane, det er mest berre ponniar, forutan ein fjording, dei er berekna på born, tenkjer eg. Eg tippar at dei har godt lynne, og at det ikkje akkurat er villhestar det er snakk om.
- Sist hadde eg Bruno, seier Ingrid, med ei ganske lita røyst, og då får eg lyst til å klemma henne innåt meg. Det er så mykje draum i dette prosjektet, det er djupt rørande dette med born og dyr, og eg må strama inn på sarkasmen, kjenner eg, slutta å seia alt som eg tenkjer rett ut.


Det kjem ein far til med ei jente, og dei tek med seg eit spilltau og hentar seg ein ponni, det kan virka som om dei har vore med nokre gonger før. Ingrid og eg står og ser på, skiftar vekta frå den eine foten og over på den andre, og så kjem det eit følge inn døra. fleire ungar og fleire foreldre, og ei dame først i førtiåra, med ein tydelig autoritet, men ikkje brautande. Ho var heilt spesiell, og eg skjøna kvifor ho hadde gjort inntrykk på Rållså òg, ho har ein aksent som eg ikkje klarer å plassera, ho set alle i vigør, og så kjem det fleire fedre og fleire døtre, og nokon leiger Bruno inn på ein tom bås.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta