Ein mørk Apokalypso om våren

I ein eim av vridd metall.
Stank av død og syndefall
Djupt i brystet knurrer dyret
Heng i lenka før det slepper laust
Alt det innestengta- råa
Skyller over alt det sminkte og det gråa

Alt må døy
Alt må leggjast flatt
Ja, alt må døy

Å, eg kjenner grunnen riste
Timen nærmar seg- den siste
Har du någe du ska sei, så sei det nå
For nå e det snart for seint
Klokkå tikke
Tiå går

Det e ingenting å angra
Det e alt for seint å snu
Du må sjå det rett i auene- og berre la det skje
Om det pinta og det bøygda skal få fred.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta