Intimsoner og misjonsbefalingar

Det er Laurdag kveld.
Eg har lese Likfunn, og sunge den imaginære radiohiten Flickering Lights saman med Jon Eirik på 50 - årsjubileumet for Strand Vgs. Det har vore fint. God stemning. Veldig proft leia av konfransierane. Litt mykje lokalpolitikar-talar, men det må vel til ein slik gong.
Eg kunne nok tenkt meg å snakka med fleire, av båe gamle lærarar og elevar, men settinga er kan hende akkurat så..eg veit ikkje..uoverstigeleg at eg ikkje finn det naturleg, og særleg ikkje etter at eg har sunge og lese.
Det har vore monge som har kome bort og sagt fine ord om songen. Det er fint. Eg veit at dei fleste ikkje gjer det av di dei kjenner at dei må. Men eg veit ofte ikkje kva eg skal seia utanom takk. Så kjekt at du likte det.
Me går - Jon Eirik og eg - først i retning puben. Det har regna heile dagen. Det luktar overjordisk av takknemlege planter og tre. Puben er lagt ned. Me går mot hotellet i staden.
Forbi høge, kalde, grå fasadar. Ein studie i dårleg byggeskikk.
Men hotellet er eit vakker, kvitt trehus. Eg får vete at det har vore gamleheim. Men no sel dei Lucky Jack frå kran, og det vil me ha.
Det er perfekt.
Eg ruslar ned til kvart over elleve-ferja. Og skrur av telefonen for å ha straum til bussbilletten.
Eg set meg på ungane sitt faste bord. I eine enden av salongen les ei tydeleg frustrert dame frå Asia teksten for ein eldre mann på engelsk. Ho ropar til han, går ned trappa, kjem opp igjen. Det er nærare enn eg likar. Det er ikkje mindre enn to politikøyrety om bord på ferja.
Eg har ikkje penn å krota med. Eg veit ikkje kvar eg skal festa blikket.
Eg snur meg, kikar meg ikring, og fangar ei dame i augnekroken.
Ti sekund seinare sit ho seg ned på Endre sin plass. Ei dame i ubestemmeleg alder 35 - 55. Ho limar blikket på andletet mitt, og eg tenkjer ånei.
Ho spør kor eg har vore. Om eg har vore i komfirmasjon.
Eg seier nei, at eg har vore på jubileum. Og så vil ho fortelja meg om Jesus og om livet etter døden.
Og eg seier at eg trur me har berre eitt liv, og at det er meir enn nok, og at me vert næring for planter og jord når me døyr. Og då spør ho meg om eg trur på månelandinga, for det gjer tydelegvis ikkje ho og eg tenkjer at KVA JÆVLA RETT HAR DU TIL Å SITJA Å SPØRJA MEG OM MITT PRIVATLIV? Eg kjenner deg ikkje.
Og så seier ho noko at det er jo to plassar me kan koma.
Eg skiftar tema, vert kjempepersonleg og spør kor ho har vore, og det likar ho ikkje. Eg fortel om foreldra mine som ikkje lever meir, og at eg likar å tenkje på at dei er på ein god plass, og at dei har fred, men at eg ikkje trur at dei finns i fast form. At me menneskje lever vidare kun i minnet på dei som har stått oss nære. Og at det er fint. Og meir enn nok. Og då spør ho meg om eg har drukke mykje. Og eg seier nei.
Og så er me heldigvis framme. Ho mumlar fram adressa til ein nettstad som fortel sanninga og eg tek handa hennar, klemmer til, og går.
Og eg er eigentleg ganske nøgd med meg sjølve. At eg har halde meg i skinnet.
Men ho burde skjemmast. For slik som det gjer ein ikkje med folk ein ikkje kjenner,


Eg tek bussen heim. Frir meg frå dressen og går og legg meg.





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta