Krabbe i frå Nessa

For 8-9 veker sidan fekk eg ein telefon frå Eskil Dalidensen, Eller Eirik Danielsen som han eigentleg heiter, no som eg ikkje bloggar semianonymt lenger.
det er mange ting som er annleis etter at alt vart offisielt.
Radøy har vorte Randøy.
Pillevåg = Hillevåg
Horhaug = Storhaug, Sørpeland har vorte Jørpeland og så bortetter.
Det er på ein måte heilt OK. Me influenserar må tola å seia ting slik dei er, og stå i det dersom det vert oppfatta som kontroversielt.
Eirik Danielsen er rektor på Strand Vidaregåande skule, og (trur eg) den einaste som er igjen av kollegiet som styrte showet då eg var elev der for 25 år sidan.
Det er ikkje så ofte at eg snakkar med Eirik på telefonen. Han er kompis med svigerfar, så eg har treft han nokre gonger, men me ringes ikkje så ofte.
Eirik var gymlærar back in the days, og dessutan primus motor for skulekoret, og alltid aktiv på arrangørsida når det var juleavslutningar som fordra underhaldning frå scenen, og der var eg ôg som regel med, og det var alltid kjekt. Slik eg hugser det.
Eirik ville - slik eg forsto det - retta opp i ein 25 år gammal urett.
Strand VGS vert 50 år i år, og det er laga bok, og det skal vera jubileumsfest med underhaldning frå scenen.
Men først til Eirik sin versjon av uretten: I forkant av ei julaavslutning fysst på 90-talet nekta eg deg å lesa Likfunn av Jakob Sande, og så va eg så leie av å ver han kjibe som sa nei te alt, at eg sa te Bjørn (svigerfar) at HAN måtte sei det te deg.
Eg hugsar det ikkje slik. Slik eg hugsar det, så hadde eg spurt Bjørn om HAN kunne lesa ein tekst som vart kalla Fiskafestival og som var stjernenummeret til Jan T Kleppa på ein revy på Hjelmeland i 1984 eller 1985.
Og den handla om flatfyll på bryggedansar i Ryfylke, og då Bjørn sa til meg at han ikkje ville lesa den, så var det heilt greit, og eg vart litt flau over å ha spurt han. Svigerfar korkje er eller var nokon ranglefant.
Men no skal eg altså lesa Likfunn frå diktsamlinga Svarte Næter frå 1929. Jakob Sande er ein av dei største for meg.
Og frie er me frå sensurens åk. Og uretten skal rettas opp i, og det er eit teikn på at verda går framover til tross for
Blablabla ekkokammer...
Blabla mainstream media...
Blæhblæhblæh politisk korrekt
Blabla sosialistisk
Blabla muslimar
Blabla feministar
Blablablabla noko om bomringane og taxfreekvotane


Her er sjølvaste likfunn av Jakob Sande:


Likfunn

So fann dei han Ole Johan,
langt burte i Håsteins-hagen.
Der låg han og rotna og brann,
med solsteiken rett i magen.
Og magen var grøn og blå,
av steinklaka gorr og slim,
og flugor og kvitmakk små,
aula i yrjande stim.
Spyfluga grøn og feit,
la sine egg i skinne,
og ålkvite småmakkar beit
seg gangar og hol der inne.
Ei rotte stakk tranten ut,
– kva svarten som no var og sjå?
Ho var som ein blodgorra klut,
med blankslimut hale på.
Og augo hans Ole Johan,
var berre ei slimut glye
som nedover kinnet rann,
so sleip som ei slimut spye.
Og nasa eit blodraudt sår,
der beinpipa lyste bleik.
– For rotta ho var der i går,
og åt seg so feit ei steik.
Og lippa for kjøt var rein,
og gliste med kvasse tenner,
som illkvite stakk og skein,
som marssol på frosne fenner.
Og teven stod tjukk ikring,
denne blaute, flytande kropp,
og kråka sat rundt i ring,
og skratta med høge hopp.
So tok dei han Ole Johan,
og la han på fire påla.
So bar dei han fire mann,
med kråkene skratta og skråla.
Mykje tå skrotten flaut vekk,
og mykje kvarv burt som eim,
og mykje i spyfluga gjekk,
men beina kom heile heim









Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta