Silotrilogien del 3 : Siloslavar


Eg vart vekka til frukost kring ni, og dei to første åra eg var med i siloslåtten, var Bergljot òg slave. Avløysaren bruka ete oppe hos oss, etter at han hadde jaga kyrne ut på beite, innetter vegen, til Nya Gjerdet, eller Gamla Gjerdet, eller Bakkadn, oppunder huset.
Lynnet til kyrne på Kåda har alltid vore avhengig av kven som var ansvarleg for stellet. Farfar - som var ein brå og høglydt mann - trong ofte både ein og to assistentar til å møta på dei, slik at dei ikkje la iveg i fullt firsprang innover Hovdamarkjå med halane til vèrs og jura gyngande frå side til side. Dyr er ikkje annleis enn folk på den måten - dei vert engstelige av stress og gauling og gaping - MØD DI! MØD DI! NEINEINEI! DÅKKE MÅ MØØDA DI!
Himmel og jord vart satt i bevegelse for å flytta fjorten kyr eit par hundre meter. Me har hatt forpaktarar som var stikk motsatt, som ikkje ein gong trong binda kyrne når dei kom på båsen, for der vart dei ståande likevel. Dei rusla innetter vegen, og stoppa rett som det var for å ete gras som vaks i grøftene, og då dei kom fram til den opne grinda, gjekk dei inn, som om det var heilt utenkjeleg å fortsetja ein annan veg.
Då dette arbeidet var gjort, på den eine eller andre måten, og grinda stengt med streng, kom avløysaren inn til oss andre som sat kring bordet, hengde først av seg kjeledressen på spikeren ved trappa, og sette støvlane frå seg på utsida, vifta vekk flogene som kretsa kring hovudet hans, opna døra til grovkjøkenet, sette på springen, og bretta opp skjorteerma før han såpa inn og vaska nevane. Radioen sto på, og om det var reiseradioen eller nitimen.
Så langa me innpå med brødskiver, og far fortalde skrøner og småkjefta på oss ungane, og så var det ut - ut i siloslåtten for alvor.

Det låg eit tilhengarlass i siloen, far slengde 3 gaflar oppi, henta den lengste stigen, og fira han ned, slik at han vart ståande på skrå ut frå veggen. Så svinga han seg over kanten, og klatra med målretta steg ned til botnen. Etter han kom Bergljot, og til sist eg. Vi treiv kvar vår høygaffel. Far handterte reiskapen med suveren kraft og eleganse, han sleit store mengder gras utover frå haugen som låg i midten, ut mot kanten. Bergljot og eg freista å gjera som han, men vi var små, og urøynde. Det gjekk smått med oss der vi stod på kvar vår side og freista å ikkje gå i vegen for han sjølv. Det lukta friskt av gras og maursyre, og då graset var fordelt jamnt utover, visa han korleis ein skulle trø. Pakka graset langs kanten, han gjekk med halve skritt langs betongen, og la vekt på høgre fot medan han arbeidde seg rundt.
Og så klauv vi opp stigen. Og far drog han opp for å legga han på ein plass der han var ute av vegen før neste lass kom.
Avløysaren sette seg på traktoren, starta og løyste bremsa, medan far stilte seg på draget til tilhengaren, med armane ut til sida, kveila kring framkarmen på tilhengaren.
Bergljot og eg sette oss på utsida i solveggen, høyrde traktoren forsvinna innettter vegen, og snart starta John Driden opp med eit brøl.
Eg held føre meg at vi ikkje snakka så mykje saman på denne tida, Bergljot og eg, det var vel mest krangling om kven som skulle ha den nyaste høygaffelen, den med 3 heile tindar. Det var som regel ho som vann.
Når eg tenkjer tilbake på det i dag, så kan eg ikkje begripa korleis sjalusi og mistru så til dei grader kunne gjennomsyra ein syskenrelasjon. Den dag i dag er me ikkje så verst, nokon av oss. Om eg skal sei det sjølv.

Lyden av Masseyen då han gira opp i sjette gir og sleit lasset med seg, medan pulsen auka bittelitt. Og der såg me han. Det hadde vel teke eit snaut kvarter. Han svinga inn, gjekk av, og foretok det same ritualet som far hadde gjort. Me haldt oss godt ute av vegen til han forsvann ut porten igjen etter å tømt hengaren.
Me var som sagt berre 11-12 år gamle, og det var ikkje alltid me klarte å jabna ut alt graset før me høyrde traktoren koma på ny. Då måtte avløysaren hjelpa oss, det var me som var proppen i systemet, og maursyreeimen reiv i lungene og støvlane fylde seg med gras, og eg fekk vassblemmer inni hendene. Ein gong rende eg gaffelen inn i støvelen til Bergljot, bomma på tærne med ein halv centimeter. Ein annan gong øydela me den beste høygaffelen, braut av den eine tinden ved eit uhell, men me torte ikkje å fortelja det til avløysaren, me gøymde han heller unna og lata som ingenting. Og så var me livredde halve dagen. Livredde for å få kjeft. Han vart sint då han skjøna korleis ting hang saman.
Me sto slik i to-tre veker dei neste somrane, heilt til Bergljot fekk sleppa. Men eg aksepterte den lagnaden som vart lagt på skuldrene mine, beit tennene saman og sleit meg igjennom. Var eg heldig, så vanka det anerkjenning og skrøyd frå far.

Og siloslåtten eksisterer visst ikkje lenger. Det er rundballar som gjeld no, så dette får vera mitt vesle bidrag til kulturhistoria, og det er vel eit teikn på aldring når ein brukar såpass mykje tid til å kika i bakspeilet, men somme tider vert eg glad når eg ser ein traktor med fôrhaustar som arbeider seg rundt ei grøn egra.

Kommentarer

Ønsker deg et godt nyttår :)
Klem
Ellen S
paaskeharen sa…
Godt nyttår!

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Løa i Tønnevik