Vegen



Eg las akkurat ut Cormac McCarthy si The Road for andre gong.

Første gong eg las henne var for kring 10 år sidan, då eg pendla frå Jørpeland til Stavanger med snøggbåt. Det var god pendling, det der, med båten, men med bussen var det håplaust, for nummer ein, som eg skulle ta, gjekk to minutt før eg rakk opp i Klubbgata, og ein gong SPRANG eg endåtil for å nå han, berre for å sjå baklysa forsvinne på litt nærare hald.

Så vart det å gå opp til busstasjonen saman med dei andre smalaugde, for å ta nummer 2 eller 3, og forbanna Kolumbus og rutetilbudet deira og logikken i å lata bussen gå TO MINUTT FØR ei heil båtlast med Jørpelandspendlarar greidde å komma seg opp. Eg trur endåtil at eg sende ein mail til Kolumbus. Som ikkje vart besvart.

Bussturen til Hillevåg er uansett for kort til å lesa Cormac McCarthy på. Men båtpendlinga - når ein hadde lært seg kor stillesona var - var perfekt til lesing.

Boka er paperback, og har alllereie flytta 2 gonger, og fått denne lukta som gamle bøker gjerne får, og sidene har fått eit svakt gulbrunt preg. Eg trur ho vart gjeven ut på ny, i anledning sleppet av filmen, der Viggo Mortensen spelar hovudrolla, Etter å ha lese boka var det heilt uaktuelt å sjå filmen for min del, for det er det mørkaste eg har lese sida Bjørneboe sin Bestialitetens historie, og det traff meg ekstra hardt sidan eg hadde ungar i 2-3 årsalderen som sto og strekte seg og såg etter meg i stovevindauget, og vinka febrilsk til meg då eg kom opp bakken etter jobb. Dei sto der og var sjølve meininga med eksistensen min, og handlinga i The Road går heilt inn i kjernen på akkurat dette. Heilt inn til beinet.

Då eg las henne på ny, skjøna eg betre kor ufatteleg vakkert språket var, korleis skildringane beskreiv ei verd utan lys, utan verdighet, utan noko som gror. Ei verd der ingenting er att bortsett i frå ein mann sin altoverskuggande omsorg for sitt barn. Ein mann som enno har verdighet, som ikkje et menneskekjøt, som er blant dei gode som er bærar av ilden, som dei sjølv seier.

Bestialiteten dei opplever der dei slit seg på vegen sørover - mot havet - er heilt på grensa til kva ein klarer å ta inn. 

Ein skal vera god for å sjå noko lyspunkt i det heile. Ein gleder seg når dei finn noko å eta på, eller ein skvett olje som dei kan bruka i den improviserte leselampa si.

Men kvifor er det viktig for mannen - som ikkje har noko navn - at guten (som heller ikkje har noko navn) skal leva vidare i ei verd som ikkje har noko framtid?

Då eg hadde lese boka ferdig i går, så sa eg til Rållså at The Road var som ein pervertert versjon av Rasmus på loffen. Det lo ho godt av.

Skal eg beskrive henne med referansar til populærkulturen, så er det ein dæsj Mad Max, ein del Robinson Crusoe, med  The Good Son av Nick Cave som soundtrack. Eg kan vel slenga på litt gammeltestamente og Skatten på sjørøverøya. Og Voggesong til Siri av Jakob Sande.

Det vart ei kjemperar bokmelding dette her, så la meg avslutningsvis seia kvifor eg har lese denne boka på ny igjen akkurat no, jo: Byens gode bibliotek Sølvberget skal ha boka oppe i eit arrangement som heiter Klassikerlørdag, der introen er denne: 

Cormac McCarthy omtales ofte som en av høvdingene i amerikansk samtidslitteratur, og er kanskje mest kjent for romanen Veien (The Road), som kom i 2006. I dette foredraget vil forfatter og professor ved UiS, Janne Stigen Drangsholt, utforske romanen og se nærmere på hvorfor den lenge ble betraktet som en såkalt 9/11-roman, hva slags diagnose McCarthy gir det amerikanske samfunnet og hva han sier om betydningen av å være et menneske.

Og dit skal eg. God mandag!

Kommentarer

Guinness sa…
Akkurat ferdig med den, fryktelig og forferdelig god bok,
Tusen takk for innbydelse, glede meg til å møtes. Eg spandere ei Guinness etterpå om du har anledning.
paaskeharen sa…
Nydeligt! Eg e klar,

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta