Ljåen og riva


Sola skin på eldhusveggen

Kringom øyro surrar myggen

 Slipestein på låvebrua

 Syng mot ljåen, kvessar eggen

 Det er tid for førsteslått

 Bondelivet, onn og arbeid

 Kvart eit strå skal med

 
Graset står så grønt på bøen

 Hesten står i hamnehagen

 Veifter floger vekk med halen

 Riveskaft og rivetenner

 Gamaldagse jobbemenner

 Strame skaut og jobbedamer

 Kvart eit strå skal med

 

 Heng på, me må nytta veret

 Leik er leik og alvor alvor

 Hardt mot hardt og gras mot stål

 Inn i rytmen, svingar ljåen

 Tunga ut og pusten tung

 Bondeslekt for harde livet

 Onn for gamal og for ung

 
Oddvar rullar hesjestrengen

 Snella over gamlespettet

 Guten og den nye drengen

 Leik vert alvor, alvor leik

 Bera staur og finna rytmen

 Hesjene lyt opp til kvelds

 

 Angen står frå slåtteteigen

 Sterkt og varmt i sommarbrisen

 Grøda som er halve føa

 Nakken raud og skjorta sveitt

 Svalestup innunder løa

 Kvart eit strå må med

 

Alle små og store hender

Jobbekvinner, jobbemenner

Kan ta kvelden førsnår riva

Får kvart strået med

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta