La det ver rock

Dei sa at djevelen låg på lur i musikken, og i alle ting rundt oss
Så Led Zeppelin-platene mine gjekk opp i røyk
Ja, eg kvitta meg med Eagles og
og Pink Floyd
Eg sat igjen med Elton John, Sting, og toto
Og det er kan hende det jævligaste av alt
Eg sakna den svarte hunden og ein heil haug med kjærleik
GUD er kjærleik, sa dei


Dei sa at djevelen låg i detaljane
Kven vil ha ein gud som ikkje likar Led Zeppelin?
Eg skjønar det ikkje
Eg har tenkt mykje på det
Å, det er så trygt i kristendommen sin klamme favn
Ingen er så trygg i fare
Men pass deg for djevelen
Pass deg for freistaren
Led oss ikkje ut i freisting men frels oss frå det onde
Kva er det onde?
Det er i alle høve IKKJE Led Zeppelin





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta