Kven trur vi at vi er?

Det går ein serie  på NRK fjernsyn som heiter 'Kven trur du at du er'.
Kameraet heng dvelande på kjendisar medan dei leiter seg attende til utvalde forfedre og formødre som dei berre har høyrt om. Dei blar i gamle arkiv og kyrkjebøker og snakkar med lokalhistorikarar og slekstsgranskerar.
Forteljarstemmen er kjensleladd, skyer driv over skjermen. Dei leiter etter noko i dei sjølve, noko som kan forklara fortida. Kvifor det vart som det vart.
Ofte er det sekvensar med tårer, for mest alle finn hendingar som har røynt desse menneska som er ein del av feira eigen eksistens. At fattigdom eller sjukdom eller brot på tidas strenge moral har påført dei lidingar eller sosiale stigma som har gjort liva deira vanskelege. På ein måte som er fjern for oss som lever no, i 2017. I eit av verdas beste samfunn.
Dei har kjempa - og lukkast eller ikkje lukkast, og blod er tjukkare enn vatn, og like raudt som raudvin.
Eg er ikkje veldig nyfiken av natur, så slektsgranskning ligg ikkje for meg, men desse programma har likevel sett igong prosessar i meg.
Særleg dette med korleis ein definerer tid. Kva som er lenge og kva som er kort. At hundre år er ingenting.
Den sosiale og teknologiske utviklinga har gått endå fortare. Etter hjulet kom traktoren, kondomen, telefonen, elektrisiteten, bilen, datamaskinen, mjølkeroboten, smarttelefonen.
Likestillinga, eigenmeldinga, fødselspermisjonen, fellesferien.
Det slår meg at me gløymer litt for lett. Dei sosiale reformane og kvinnekampen har teke samfunnet framover, ført til sosial utjamning, rett til å gå på skule, adgang til helsetenester, rett til ein verdig alderdom, laga eit nett med sikte på å ta vare på folk.
Det er rett nok ikkje perfekt, dette systemet, det er ikkje alle som får hjelp, men:
Foreldregenerasjonen min - som vart fødd etter krigen - og min generasjon - har nytt godt av utviklinga. Me har surfa på ei bølgje av medgang.
Samstundes med dette, så har krava til effektivisering auka, til å laga større einingar, større kommunar, fabrikkar har vorte flagga ut til lågkostland, skipsflåten vorte bemanna med filippinerar og russerar, det har vorte større gardar, krav om at ein skal produsera billegare, og for landbruket sin del så er det vel dokumentert at færre og færre vert bønder, færre og færre arbeider med å dyrka mat. Me importerer stadig meir, og det er ikkje lenger så mykje snakk om sjølvberging og i alle høve ikkje sjølvråderett.
Men kor solid er det fundamentet? Tek me fridomen vår og samfunnsstrukturen vår som sjølvsagde ting? Kven trur me at me er?
Og eg tenkjer, der eg sit i ståva til Tante Else Marie på Randøy, og ser over på Ombo, som etter alle solemerke vert ein del av nye Finnøy og endå nyare Stavanger snart - er det så lurt då?
Alle vegar fører til Rom, vart det ein gong sagt, men vegen frå Vestersjø endar i ferjestøa på Eidssund. Ein utkant er og blir ein utkant.


Og det me ikkje klarar å laga billeg nok sjølv kan me berre importera fra nokon andre. Eg veit ikkje heilt kor stort som er stort nok.
Eg veit ikkje om større er betre.
Eg lurer på om barnebarna mine ein gong vil googla meg, finna facebook-profilen min frå 2017, og tenka - stakkars bestefar - han var nå ein primitiv fyr, fødd i andre halvdel av 1900-talet, og då han var born hadde han ikkje ipad ein gong.
Men uansett så håpar eg at dei som kjem etter oss kjem til å veksa opp like trygt som oss, og at det viser seg at vi har forvalta kloden vår på ein måte som har gjort det mogleg for dei å leva gode liv.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta