Våland på Bryne med dobbel a

 


Ekte byasar er skeptiske til bygda, og til lannasar, til grisgrendte strøk og hevdalukt. Dei har sett Deliverance meir enn ein gong. Innavl. Dårlege tenner. Banjomusikk og løgnasar.

Eg er jo ikkje ein ekte byas, sjølv om eg har budd i Stavanger sidan 1995. Eg kjem frå ein liten plass, ei lita øy i ryfylke. Ei øy som strengt tatt ikkje er ei øy ein gong, sidan det er bru over ølesundet.

På mange vis kjenner eg meir på slektskapen til bygdefolk. til folk frå ryfylke, sjølvsagt, men òg jærbuen, og dei frå Sandnes og Eigersund og, ja sjølv Brusand og Ogna og Bjerkreim og Eigersund.

Storparten av den utvida omgangskretsen min er folk frå bygda.

Og så er det denne underlege dynamikken mellom by og land, som eg har skrive mykje om før, men som eg aldri vert heilt ferdig med. 

Mellom anna at det er ekstremt longt for ein frå Stavanger å dra på konsert på Bryne eller Kverneland eller i Eigersund, medan det er heilt greit for ein frå Eigersund å reisa andre vegen. Vanleg til og med. Sjølv om reisetida vitterleg er den same..

Rållså hadde kjøpt billetar til eit arrangement som heitte O jul med din vrede, som skulle arrangeratst på ein plass som heitte Vaaland 1889, og med det same tenkte eg då at det var kult at det var kome ein konsertstad på Våland, for alt som skjer i Stavanger er jo flytta ut mot Lervig og Stavanger Øst. På tide at Våland fekk ein utestad. 

Det var rett nok ei lita bjelle som ringte, men eg ignorerte henne, som eg ofte gjer. Det var noko med Skambankt som eg hadde sett i facebookfeeden min.

Eg reiste til Alsvik med Arni, og øvde nye songar med Tommy, og med øyreklokker på, og så tenkte eg at eg skulle sjekka, og så viste det seg at det vi skulle på var Våland på Bryne.

Eg er nokså kjend på Bryne, eller var for 20 år sidan, og så ligg Artbeat studio i området, og der har me spela inn Skuggebror-songane.

Og ein gong var eg på Bryne stadion og såg Bryne ligga under 0-3 til pause og vinna 4-3 mot Bodø Glimt.

Men altså lenge sidan.

Lineupen på vreden var sånn som dette: Minor Majority duo, Oslo Ess, Kåte Klør, Longfield & Super Skeleton , og Rune Nilson som konfransier.

Eg kjøpte billettar til tOget som dei seier på jæren, med trykk på Oen, og krangla med Rållså om korvidt me kom til å rekka det eller ikkje. Ho meinte at bussen garantert var forsinka, og at eg var udugeleg når det gjaldt orging (det siste der er nokså sant). Eg meinte at dersom me ikkje nådde tOget, så kunne me berre ta det neste.

Bussen var på tida, og me venta i 10 minutt på Paradis stasjon på Lagård, og då tOget kom, var det mest heilt fullt, og ute var det førjulskoseleg og 4 grader og regn og snø som vart omdanna til vatn og rant i små bekkjer mot kummar og avlaup. Og me gjekk igjennom toget på utikikk ette to sitteplassar, og plutseleg var Morten der, og me klemde oss ned på sida av han, og han lot seg diverre ikkje lokka med på tur til Bryne, men det var god stemning der, mellom alle pakkane og daglevarene, før han gjekk av på Gausel, og etterpå òg, og så kjem det fleire kjentfolk - Sølve, blid og i fint driv nedover midtgongen. Me vekslar nokre ord.

Den halvtimen med tOget i Desembermørket er fin. Det regner på Bryne også. Eg skimtar eit digert veggmaleri av Haaland i Borrousia Dortmund - drakt på motsatt side av jernbanelinja. Det største frå Bryne siden Garborg, større enn Kaizers tilogmed, og enno er han bare 23.

Rållså og eg stotrar oss vidare på glattå, forbi Garborgsenteret, og finn plassen. Hyggjelege vakter i kvite t-skjorter med gladkristne budskap, og me treff ein kollega frå jobb som er ein av dei, og me kjem inn og får festivalarmband og kjøper bongar som me byter i drikke.

Lokalet er strålande. Juletre opp ned i taket, og ein god scene drapert i vinraud fløyel. Det er Twin Peaks. Kjøleg er det, men det er heilt greit me finn eit bord framme på høgre side av scenen, spør paret som står der frå før om det er ok at me heng der, og det er det. Me helsar i handa. Kjenner oss heime der.

Rune Nilson kjem på scenen, mellom alle instrumenta og forsterkarane. Han skal vera kveldens konfransier, han er dreven, skikkeleg i form, piskar opp stemninga.

Javel i helvete satan den jækla julå e jo for oss som lige forbanna godt jævla tøffe riff og blodtøffe rock og...

Og så spør han om jula har nokon dialekt og eg ropar TOTEN, og han seier HÆ? og eg ropar TOTEN ennå ein gong og han seier at han trur det var nokon som ropte HOMO.

Eg vert litt flau, men kan uansett ikkje vinna denne, og så les han Prøysen sin Snekker Andersen og julenissen på alle dialektar før han landar på Hedmarksdialekten, og det gjer han utruleg godt.

Og så er det tid for forbanna satans Minor Majority, som er ein tur tilbake til tidleg 2000-tal, og ein veldig god vokalist med kassegitar og ein ditto god elgitarist framførte gamle radiohitar med nærvær og nerve. Dancing in the backyard passar jo svært godt her. Eg merkar at eg kan songane. Overraskande godt. Rållså hoier og ropar godord mellom songane.

Helvetes jævla Kåte Klør har eg aldri høyrt før. Dei feier over publikum som ein virvelvind av pønk og rock'n roll på dialekt. Steintøft. Fantastisk god trommeslagar. Pur energi.

Eg likar særleg Javel og Skal du slå så må du dreba. Me- salen - likar det me høyrer. Det er tillaup til dans, og Rållså greier ikkje stå i ro.

Det neste bandet hadde eg aldri før høyrt om.(Longfield & Super Skeleton)  I følge konfransieren har dei alt som eit forpult rockeband skal ha - masse satans energi og knallgode forbanna tekstar.

Han lyg ikkje - konfansieren - det er eit fantastisk godt band. Tekstane kan eg ikkje høyra, men frå første tone ausar dei på, vokalisten piskar publikum inn i punk&roll- modus, og på eit punkt ropar han ut på Haugesundsdialekta si KJENNE DÅKKE DÅKEN FRI? Frå vårt hjørne av kjem det eit unisont NEI! Før eg ropar attende KANSKJE LITT. Paret me deler bord med løfter glaset sitt og klinkar det borti mitt.

Det er ikkje godt å få med seg kva han syng om. Antageleg er det slåsting og puling og det å kjenna seg fri, og avogtil vert vi i publikum inviterte til å synga med på OÅOÅOÅÅ og andre ting, og eg tykkjer at det liknar på Turbonegro, og groovar heilt uimotståeleg.

Heile bandet er utruleg tight, og alle ser ut som dei er på den plassen dei alller helst vil vera akkurat no - Bryne NO, ein Desemberkveld i 2022. 

Eg er litt der, at det er her eg helst vil vera. Alle eg treff er småfulle, venlege, glade, høflege, og det er ennå tidleg, og på grunn av barnevaktsituasjonen får me ikkje sett helvetes satans Oslo Ess, og det er synd, for me trivst godt, og i eit glimt får eg auge på lydmannen deira, han som køyrde lyd for  Long Night på Misfornøyelsesbar for nokre år sidan.

Det er så bra med rock, altså, og for eit fantastisk arrangement, og gode folk og vibber, og eg veit at dei skal ha O jul med din vrede neste år òg, og det har eg lyst til å få med meg.

Bryne er bra greier! 

(Biletet er av Longfield & Super Skeleton). 





Kommentarer

Anonym sa…
Et par små korreksjoner: 1) Morten gjekk av toget på Mariero, 2) Viss du ikkje har hørrt om Longfield and the Super Skeleton før e det bare for det du ikkje hørre itte. Di har eg fortalt deg om mange ganger og anbefalt varmt. Det di gjørr live e i ein egen klasse. Den sangen du sang med på hette heilt sikkert "I never learn" og passe i grunnen godt som beskrivelse av bakgrunnen for denne kommentaren. Fyll me & hørr itte ;-)!
Anonym sa…
Å herreeeguud så deilig kverulering!
Beste kommentaren på fleire år!
'I never learn passe' utruligt godt te åoooåå!

Haren

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta