Det kan fort gå godt òg
Det er snart val, og eg har førehandsrøysta i brakka på Hillevåg torg, slik eg og gjorde for to år sidan. Eg har røysta på same partiet òg, men det er ikkje mykje engasjement eg legg for dagen, og stort sett så omgås eg ikkje høgrefolk, og når eg gjer det, så styrer eg utanom politikk om det let seg gjera. Debattar på fjernsynet er heller ikkje så kjekt, tykkjer eg. Alle partileiarane har rådgjevarar som på førehand har bestemt kva dei skal seia, dei har fått mediatrening, er sminka og dolla og straumlinjeforma i ein slik grad at det mest ikkje menneskje igjen bak der, ikkje som ein kan sjå. Dette ligg over heile fjøla, frå akse til akse. Me veit kva dei skal seia, kvar og ein av dei, og om programleiarane stiller dei til veggs, så klistrar dei på seg eit smil og seier det same igjen og igjen. Og igjen. Eg skjønar at politikk i stor grad handlar om å ha dei beste løysingane, og i valkampen vert dei lagde fram som rein sanning, og eg veit ikkje kva eg ville hatt i staden for. Eg veit