Mannen med dei blå latexhanskane

Sikkerhetskontrollen på diverse flyplassar er stader eg har brukt ein del tid.
Eg vil gjerne få understreka at eg er glad for at dei finns, eg ville ikkje vera komfortabel med tanken på at allslags psykopatar kunne ta med seg kva dei ville i bagen når dei skulle ut for å fly.
Det eg ikkje likar så godt er at eg har ein tendens til å verte stoppa, at detektoren som skannar meg pip av di eg har gløymt å ta av meg eit belte eller ikkje har tømt lommane for myntar, eller at skoa har noko mikkmakk av metall på seg.
Då eg sang i Tristania var det ofte ein fest med diverse medlemmer som fylte opp dei gråe plastboksane med alskens dingeldangel, og likevel matte ha fleire passeringar og kroppsvisiteringar med armane ut frå kroppen før dei kunne passere.
På eigenhand er det mindre festleg. I går sende eg inn to slike grå brett inn i skannaren - det eine med laptop og belte og lighter og småpengar - det andre med blazer og ytterjakke. Den med jakkane rulla ganske kjapt inn i sona for nærare kontroll.
Mannen med dei oppbretta armane og dei blå latexhanskane vinkar meg over.
E dette din?
Mhm,
Om du har ein skrutrekkar i lommen?
Eg trur kje det, men kan kje udelokka det.
Me går igjennom ytterjakken, og der er det ingenting, og så begynner me på blazeren, og i lommane er det ingenting, men i fôret - i FÔRET - der kan eg kjenna noko kort og hardt. Eg freista rota gjenstanden tilbake til der han måtte ha kome frå, men det var jo faen meg som å ha gått igjennom isen og så leita etter vegen tilbake. Det endte med at eg drog det (som skulle visa seg å vera eit snertent stjerneskrujern) ut gjennom jakkefôret med eit diskret lite ritsj.
Eg fekk på meg beltet, samla greiene mine, trykka på den lysegrøne mellomnøgd-knappen, og sette kurs for gata mi med raude kinn.
Når dette er sagt - så var det ei dame som måtte levera inn ei diger saks som ho hadde gløymd att i veska si.
God helg!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta