Explicit Lyrics


Vi er råka av eit plutseleg blaff av sommar. Då er det alltid slik at eg vert freista til å synga slagerar av Jokke & Valentinerne.
Men ungane er ikkje mogne for den originale teksten, så eg har moderert- mellom anna 'To fulle menn' til det akseptable:
KETCHUP PÅ SKJORTA, OG SENNEP I RÆVVA, KOKKEN FIKK JULING
OG JEG BLE TÆVVA
VI SKULLE PÅ KINO, MEN HVA FIKK VI SE?
EI SJAPPE MED HMHMH
OG DET VAR DET

TO HMHMHM
RIDER IGJEN
TO HMHMHM
RIDER IGJEN 

Denne songen er ein perfekt distraksjon når det er litt dårleg stemning, når noko er varmt eller tungt, eller når underteikna har lova noko som eg ikkje klarar å halda.
Distraksjon er eg ganske god på.
Favoritten vår er 'tagging' av Bare Egil band, men den måtte me ta av repertoaret. Språket er på monge vis kjernen i den songen.
HVIS DU SYNS AT TAGGING ER SÅ JÆVLA TØFT, KAN DU FAEN MEG TAGGE DEG SJÆL I RÆVVA.
Og det er berre byrjinga.
Overdrive bannskap er ikkje nokon god praksis i barneoppdragelsen.
Det kan vera krevjande å vera rollemodell. Eg syng ganske ofte ein redigert variant av 'Sola skinner (Jokke&Valentinerne) 
Den høver ekstra godt i dag.
SOLA SKINNER OG JEG ER SÅ GLAD 
DET ER FORDI JEG SKAL SE DEG I DAG
SOLA SKINNER OG JEG ER SÅ GLAD I DAG

JEG HUSKER DA VI MØTTES FOR FØRSTE GANG
DET VAR SOMMER, DET VAR SOL OG ALLE FUGLENE SANG
OG DET VAR ENDREMANN OG DET VAR INGRIDMOR OG DET VAR MAMAMAMAMMAMAMAMAMA.

Det er innafor, som dei seier. Originalen er betre. Og TAGGING? Den har 40 års aldersgrense. Minst.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Hadde jeg vinger så ville jeg fly.