IV

Kvart jegerlag er sett opp med eit knappetelt. Ein såkalla 'sjudukar', knappa saman av 7 separate dukar i eit såkalla vatn-avstøytande materiale. Dette teltet er bustaden vår når vi er i felt (ute i naturen for å trena på å drepa sovjetrusserar) og det var vi mykje av tida.
For å spara tid er sjudukaren knept saman heile tida, og rulla opp, for så å verte plassert på ein sekk.
Eg vert esel. Det er mi oppgåve å bera teltet. Det veg 15 kilo når det var tør, og kring 40 når det er blautt. I tillegg ber eg AG 3 - geværet over brystet.
Kombinasjonen tung last og dårlege ferdigheter på ski er nok eit syn for medsoldatane mine. Eg dett i nedoverbakkane, eg dett i oppoverbakkane, får snø i geværet, i øyrene, i nakken, i buksa.
Vekta av teltet lager blemmer på akslene.
Syt syt syt.
Det vart mykje lengt der oppe i snøen. Eg er god på lengt.
Me hadde vel eit slags samhald.
Nokre av gutane levde i ein slags illusjon om at me var elitesoldatar - dette sto i sterk kontrast til det dei øvrige soldatane på Skjold garnison kjende seg som.
Dei himla med augo og rista på hovudet, og det skjønar eg godt.
I byrjinga av opphaldet vårt vart me utkommandert - vi jegerar - kvar Tirsdag og Torsdag klokka fem om morgonen, for å springa og synga i takt.
Dette vart kalla fysisk fostring - mykje av hensikta var å tøffa seg - og bevara illusjonen om at me var tøffe, harde krigsmaskinar - klare for alt. En jeger fryser ikke - han bare skifter farge og dør.
Me tok alltid eit par rundar rundt befals-kasernene, for å vekkja dei, medan me song idiotiske songar om escimo pussy og uncle sam - kopiert frå filmar som Platoon og Full Metal Jacket.
I retroperspektiv får det heile eit komisk skjær.
Det var millitærtenesta som gjorde meg til pasifist. Sjølv om eg berre skaut på papp-figurar.
Det er ironisk.
Eg var berre inni meg sjølv, inni lengten.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta