Hest er best

Det er mange som har høge tankar om hesten.
Han er vakker å sjå på, og for mang ei ungjente er han eit symbol på romantikk og fridom og vind i håret.
Og før bilen kom, og traktoren, var hesten det ultimate transportmiddelet på våre kantar.

Hesten hadde forlengst vorte byta ut med ein Massey Ferguson 135 då far overtok garden i 1979.
Men hest kjøpte han likevel. Mest for kosen, men òg for å engasjere meg og systrene mine meir i dyrehaldet på garden.

Det med kosen kjem eg tilbake til seinare.

Far kjøpte ei ondskapsfull islandshoppe som bar namnet Frøya.
Eg hugsar godt Søndagar utanfor stallen då ho vart sala opp og gjort klar for riding.
Ho bruka legga øyrene bakover og slenga med hovudet i protest.
Me hadde med oss epler og brødskalkar og anna snadder for å freista å blidgjere henne.
Far måtte ri først, for han var den einaste som rådde med henne. Rett nok prøvde ho å slenga han av ôg, steila, slå bakover, og bråstoppa for å sende han i ein bane over hovudet sitt.
Men som oss andre måtte ho etter ei tid gje etter for far sin vilje. Det var ikkje eit særskilt vakkert syn. Til det var Hesten for liten og ryttaren for stor. Dessutan er ikkje tølt ein utprega estetisk gangart.

Då far hadde lagt lista, og samstundes varta opp med eit utval av gloser av det lokal fargerike, og mindre flatterande slaget, var det oss ungane som skulle freista lukka.
Etter ein del styr bruka eg koma meg opp i salen, far slapp taumane, og ho tok ut, ampert prustande i nasen, og då me var ute av syne for dei andre, skeina ho ut i grøfta og freista å skrape meg av mot gjerdepålane. Det var same taktikken kvar gong.
Eg klamra meg fast, og ein kan trygt seie at eg bruka vere redd. Eg likte indianerar og sølvpilen. Indianerar som galopperte fryktlause over den endelause prærien. Der hest og ryttar var eitt.
Og der satt eg og var så langt i frå prærien som eg kunne komme, og hesten var olm og vrengte med auene.
Og eg var ein bleik liten gut som var heilt utan herredøme over henne.

Ho bar preg av lite trim og litt for mykje svinegryn 3.
Det var ho som var sjefen. Og då ho meinte at nok fekk vera nok, snudde ho nasen heimover, og tok den brysame lasta si med seg.

Ho var fin då ho gjekk på beite om sommaren, Frøya. Då heldt ho lag med verane. Dei var liksom ein gjeng der dei gjekk og beita. Aldri langt frå kvarandre. Og så fekk ho eit føl som vart døypt Melissa.

Ho var lukkelegast når ho fekk vere i fred for alskens plagsame ungar. Ungar som hoppa frå garasjetaket til Farmor og rett opp på ryggen hennar, og sende henne på halsbrekkande ferd ned bakkane.

Vi vart aldri bestevener, eg og Frøya. Og ikkje nestbestevener heller. Men ho hadde fres, det hadde ho.

Sjølv om lynnet var så som så.

Kommentarer

Bergljot sa…
Akk ja.

Hest er best på maten
midt mellom osten og salaten
Den biter foran og driter bak
og er like lett å styre som et oljeflak.
Anonym sa…
Denne historia hørtes veldig kjent ut:) Min far kom og heim med ein olm Islandsponni med navnet Markus Thrane, når eg var 5-6 år. Den endte også opp med å gå sammen med værane og ei sinte gås me hadde!!

Lena
paaskeharen sa…
The crazy gang. Frøya og verane treivs tydelegvis i selskap med kvarandre. Gjeser var eg litt redd for, huskar eg.

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta