Det er mange som har høge tankar om hesten. Han er vakker å sjå på, og for mang ei ungjente er han eit symbol på romantikk og fridom og vind i håret. Og før bilen kom, og traktoren, var hesten det ultimate transportmiddelet på våre kantar. Hesten hadde forlengst vorte byta ut med ein Massey Ferguson 135 då far overtok garden i 1979. Men hest kjøpte han likevel. Mest for kosen, men òg for å engasjere meg og systrene mine meir i dyrehaldet på garden. Det med kosen kjem eg tilbake til seinare. Far kjøpte ei ondskapsfull islandshoppe som bar namnet Frøya. Eg hugsar godt Søndagar utanfor stallen då ho vart sala opp og gjort klar for riding. Ho bruka legga øyrene bakover og slenga med hovudet i protest. Me hadde med oss epler og brødskalkar og anna snadder for å freista å blidgjere henne. Far måtte ri først, for han var den einaste som rådde med henne. Rett nok prøvde ho å slenga han av ôg, steila, slå bakover, og bråstoppa for å sende han i ein bane over hovudet sitt. Men som