Tiing og liding
Tia og lia Du mysta nokon Som sto deg nære Den tyngste børa som Nokon kan bera Halda på maska Og gøyma tårer Grina i regnet Der ingen såg deg Du krumma ryggen Og bøygde nakken Drog med deg børa Kom deg opp bakken Sparte deg aldri Sa ikkje stort Akk, dette livet Seint eller fort ta ikkje opp stor plass Meir enn dei andre Jobba og stria Bita det i seg Tia og lia Ugla i fjellet Tuta om kvelden Skar igjennom mørkret Kle lik! Kle lik! Fekk ikkje sova då Inn under teppa Mykje å grunna på Ville kje sleppa Den kalde handa di, mjuk oppi mine Endeleg kvila no No har du fred Alt det du ikkje sa sette seg i meg Alt det du gjorde Orda du valde Alle dei tønnene, dei som er tomme Ramlar og skramlar mest Gjallar i rommet Dei kunne lert av deg, snudd seg mot vinden Lert litt om korleis ein Tier og lider