Ta det piano


Jakta etter struktur og jamnt driv held fram.
Me menneskje kan delas inn og sorteras i mange ulike kategoriar, og sjølv om alle har mykje til felles, er det òg ein del som skiljer oss frå kvarandre.
Eg har ofte tenkt at det å vera nyfiken er ein slik eigenskap som nokon av oss har fått i rikeleg monn, medan andre er heilt utan.
Ein avart av det å vera nyfiken er det å ønska å prøva noko nytt.
Det fins dei av oss som trivst best i den såkalla komfort-sona, som finn ein type øl (for eksempel), eller brød eller middag, eller kva som helst dei likar, og held seg til variantar av dette trygge, dette kjende, av di det funkar for dei.
Andre er igjen tykkjer det er kjekt å læra seg nye ting, oppleva nye smakar, å verta utfordra på eit vis. KVA MED DETTE?
Eg er nok mest i den første båsen der, eg vert ganske fort stressa, og det andre reknar for utfordringar, det kan eg ofte klassifisera som problem. Uoverstigelege hinder kan dukka opp i synsranda og veksa seg store som fjell..
Hm. Eg slår ikkje av for kjentfolk her. Og denne ekstremt longe innleiinga her. Berre av di eg har testa ein ny yoghurt.
Kantina på jobb var under ombyggjing. Det er snekring og maling og pussing, og difor er salatbaren stengd, varmmaten sett på vent, og utvalet redusert. Det er mest brødmat med ymse pålegg. pakka inn i nydeleg, ikkje-nedbrytbar plast.
Brød med ost og skinke smakar brød med ost og skinke, og dette vil nok dei fleste av oss vera einige i. Så ein et brødgreier med ost og skinke, varma i mikrobølgeomnen. Dag ut og inn.
Det hender at eg slengjer med ein yoghurt, dersom eg er sulten.
Då går ein gjerne for ein som ein eg har ete før, og som eg likar smaken på.
Men, altså: Her heiv eg meg i det, og tok den som sto nærast. Han ser ut som den på biletet - eller meir presist - det er den på biletet, og jajaja, og slik har det altså blitt, i mobiltelefonens tidsalder. Klikk, klakk, tilgjengeleg for alle.
I reklamen på Tine sine nettsider står det:

Piano® Duo yoghurt sjokolade og sjokocrisp

Piano® Duo yoghurt sjokolade og sjokocrisp* er en smakfull, kremet dessertyoghurt med sjokoladesmak, servert med sprø crisp trukket med sjokolade i sidekammeret. Yoghurten kommer i porsjonspakning, klar til å spises rett fra begeret. Den kan nytes som dessert etter middagen eller når du rett og slett har lyst på noe godt.

Problemet med produktet er at det ikkje er godt. Det er ikkje ein gong LITT godt.
Denne yoghurten er den dårlegaste ideen sidan Tipper Gore fekk tvinga igjennom ein lov som skulle sensurera kultur ein gong på slutten av nittitalet, og innførte svarte klistremerke over platecover som framstilte umoralske eller valdelige handlingar. 
Ikkje er det yoghurt, og ikkje er det sjokolade. 
Far min fortalde ein gong ei historie om ein Randøybu som tømde tydbersyltety i kaffien, og då folk som sat kring han stussa, sa han desse ikoniske orda Det eina goa skjemme kje det andra.
Men slik er det altså ikkje med denne såkalla yoghurten.
Styr unna
Terningkast ein.






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta