Føkk åff

Alle forsett om å produsera ein jamn straum av tekstar her inne har vist seg å væra lite fruktbare. Mest av di ein er den ein er, og den eg er er avhengig av flyt for å yta godt.
Eg har fått ein ny hobby som er enklare enn blogging, men som eigentleg liknar ganske mykje.
Eg tek bilete og legg ut på Instagram.
Akkurat som med blogginga, så er det intuisjon som styrer. Eg går og vasar, og så plutseleg ser eg noko, eller det er noko med lyset, eller eit slagord på ein vegg, ein barnevott mista, funnen og lagt på toppen av eit gjerde. Den berømte votten på gjerdet.
Eg visste ikkje at eg var interessert i foto, men det er eg visst.
Når ein går, tenkjer ein mykje betre enn når ein syklar. I dag har eg gått, og tenkt ganske mykje på dobbeltmoral.
Dobbeltmoral er eit sentralt tema her på paaskeharen.blogspot. Og som regel er det min eigen det er snakk om. Heldigvis er eg ikkje aleine om å vera dobbeltmoralist.
Dei (vi) fins i alle lag av folket, og di høgare opp på stigen ein kjem, jo meir synleg vert det, og det er kjekt for alle som driv med eller likar satire.
Mazyar Keshvari vart teken med buksene nede på eit vis som kan hende saknar sidestykke i Noreg.
Keshvari er Fremskrittspartimann, sit i Kontroll- og konstitusjonskomiteen på stortinget.
Han var lenge Fremskrittspartiets strengaste talsmann for (mot) innvandring, og det skal ein del til. Det at han i tillegg er mørk i huda - ein mann som er mørkhuda - frå IRAN - kan sei alle dei - ofte heilt uanstendig dryge utsegnene som dette 'liberalistiske' partiet står for har vore ein bonus for Framstegspartiet.
https://no.wikipedia.org/wiki/Mazyar_Keshvari


Framstegspartiet - og regjeringa - meiner at dersom folk på flukt lyg om identitet eller nasjonalitet - så skal me berre senda dei tilbake dit dei kom i frå (som me kanskje ikkje veit kor er).
Dersom alle går i seg sjølv no, og tenkjer nøye etter. Kva ville du ha gjort dersom valet sto mellom å sikre ei framtid for borna dine, og få sjansen til å leva eit nokså godt liv, og å verte deportert til ei uvisse i eit anna land? Ikkje kom og fortell meg at sanninga ville vera viktigare enn livet.
Føkk åff.
Tidlegare i haust, avslørte Aftenposten an Keshvari - som har kring ein million i grunnløn - hadde svindla til seg 200 000 kroner i reisegodtgjersle frå den norske staten. Populært kalla Skattebetalarane sine pengar.
Her har du dobbeltmoral med litt sus i.
Eg er litt oppteken av at vi - ingen av oss - er berre ein ting. Me er skakke menneskje i eit nokså beint system. Vi møter moralske dilemma kvar dag. Vi har gjerne ideal og intensjonar om å gjera alt rett, men så kjem vi opp i situasjonar der vi gjer lettvinte valg. Om vi snik på bussen, eller framstiller oss sjølve som betre enn vi eigentleg er, stel i butikken, køyrer 150 i sekstisona, køyrer i fylla, snik på taxfreekvoten, eller ja, det er ein milliard slike problemstillingar.
Vi er alle dobbeltmoralistar på eit eller anna nivå, og det er ikkje slikt som vi likar å gå og snakka om. Men det som er drøyt er når vi fordømer andre for å trø feil.
Eg meiner at for dei som sit i den lovgivande forsamlinga i Noreg må ha ein høgare moralsk standard enn oss andre. Og det burde dei skjøna sjølv òg. At kjerasten til Sandberg laug då ho fekk opphald i Noreg. Der skal eg ikkje gå ein gong.
At Sylvi Listhaug har vore med og kjempa fram fråversgrensa i skulen, medan ho sjølve ikkje har gått på eit einaste komitemøte i justiskomiteen. Og Støre - han har ikkje vore på møte i utanrikskomiteen på to jævla år. Det er eit sjukdomsteikn i samfunnet når dei som lagar lovane ikkje bryr seg om å følgja dei sjølve.
Og eg er ein halvgamal halvsur grinebitar og dobbeltmoralist. Men er det berre eg som ser problemet her?



Kommentarer

Britos sa…
Så kva heiter du på Insta da?

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta