Kavalkade
Oppe på hemsen heime på Kåda står det ei bokylle, Ein gong laga på bestilling frå snekkarane frå Hetlandhus som bygde huset. Det hender at eg kikar i henne når eg er heime. Det er for det meste oppslagsverk - eit Aschehoug-leksikon i 12 bind. Nokre tynne blå bøker som heitte Norgesrevyen eller Året i nyhetene eller noko slikt, der år for år står oppsummert mellom permar. Bøkene står kronologisk. Byrjar kring 1980, og dei siste bøkene er vel frå 1996. Dei har ikkje vore ute av bokylla så ofte, korkje før eller no. Årsaka til at dei enno står der er nok at ingen har teke seg tid til eller sett syn på å rydda dei ut og køyra dei til Fretex eller bruktbua eller liknande. Heime hjå oss var det viktig at vi plasserte oss sjølve i tida. At logikken eller forståinga av samtida gjekk kronologisk, og i ein slags raud tråd, frå a på veg mot b. I dag er informasjon tilgjengeleg på ein heilt annan måte. Internett og dei. Dei av oss som er på sosiale medier kan følga kvarandre heilt tett innpå