Terminator

Eg les i Aftenbladet si Fredagsutgåve at Robotane kjem!
Og dette er vel på mange måtar ei varsla katastrofe, heilt sidan framtidsfilmar som Robocop og Terminator rulla på kinoane på 80 - talet har me visst at utviklinga går den vegen.
Eg er ikkje nokon prinsipiell motstandar av teknologisk nyvinning, sjølv om eg ikkje har direkte befatning med akkurat robotar i det daglege.
Eg likar billett-appen til Kolumbus på telefonen, og Vipps. Eg likar alt som bidreg til å gjera ting enklare. Når desse funksjonane som skal forenkla ikkje verkar, så er det som eit raudt teppe vert senka ned framom auene mine, og eg skjønar absolutt ingenting.
Men når det fungerar kjenner eg meg som - om ikkje akkurat ein trollmann - så i alle høve som eit oppegåande og moderne menneske.
Då eg var ute på Fredag, så sat eg og snakka med Skjærtil om robotane, og teknologien, og korleis dei alt har starta på å erstatta arbeidsplassar - ta over arbeidsoppgåver - som har vorte utført av menneske. Det er allereie i ferd med å skje, i dei mest moderne butikkane, så kan du velja å bipa inn varene dine sjølve, du sjekkar inn bagasjen din på flyplassen med å bruka automatar, og snart kjem det førarlause bilar og bussar, stadig på jakt etter effektivisering og kutt i bemanning. Me ser det innan industrien òg. Det er som om vi er inne i den andre industrielle revolusjonen.
Båe Skjærtil og eg er delte på midten mellom fascinasjon og skrekk for dette nye som er over oss, og vi strevar med å sjå kva det eigentleg betyr.
Kva skal vi brukast til i framtida? Kva skal ungane våre brukast til? Korleis skal dei lera å arbeida, korleis vert det for dei å få sommarjobbar?
Dei jobbane som forsvinn først er typiske lågstatus-jobbar, som ikkje krev eit stort kunnskapsnivå, men sjølv er eg eit born av det manuelle.
Då Rållså og eg hadde ein samtale om dette på kvisten i dag, så sa eg at eg spring i hamsterhjulet. det er det eg gjer. Eg spring og spring, og når eg spring så lyser det i ei lyspære, og det å få lys i den pæra, det er det som er min - ikkje berre funksjon - men mi meining.
Når eg er sjuk eller har ferie, når eg ligg i sagsponen på botnen av buret mitt, så skottar eg bort på lyspæra som ikkje lyser, og eg har dårleg samvit fordi hamsterhjulet er tomt.
Eg trur og at mange som har relativt enkle jobbar deler den kjensla eg får - når eg skuflar korn - eller gjer kvardagslege ting - vaskar og heng opp klede - støvsugar - eg gjer noko, og det viser igjen etter meg.
Ein annan uønska konsekvens av robotifiseringa er at dei første som ryk ut er gjerne skuleungdom, innvandrarar og andre som har få eller små relevante kvalifikasjonar som kan knekka kodane til dei stengde dørene på den norske arbeidsmarknaden.
Det er ein direkte hemsko for integreringa, og for kjensla av å vera eit bidrag til samfunnet på ein positiv måte.
Den dagen eg ikkje lenger maktar å dra hjulet, eller eg vert erstatta av ein robothamster, og lyspære lyser enno, sjølv om eg kan hende er boren ut av buret etter halen og spadd ned ved solbærbuskane  med to pinnar sett saman til ein oppnedkross i fotenden, då trur eg ikkje at eg vært hugsa for at eg i periodar fekk hjulet til å gå rundt, og eg vil ikkje det heller. Helst ikkje, for dei fleste av oss vil vera meir enn ein funksjon. Og så har eg ei von om at Finnane er inne på noko med denne borgarløna, slik at ikkje folk i samtid og framtid skal gå rundt og kjenna seg ubrukelege.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta