Innlegg

Blodig alvor. Nananana.

Eg har berre jobba to dagar denne veka på grunn av sjuke ungar. Det var først feber som ikkje  ville gje seg, men i går kom snørret og hosten og harken, og brikkane finn sine naturlege plassar, men det tek tid, og i mellomtida har me oppheva alle restriksjonar og intensjonar vedrørande kosthaldet til Ingrid og Endre. Sukker? Juice? Brus? Ta ein slurk til. Vil du ha vafler? Druer? Bolla? Kakao? Et for faen. Et. Eit tydeleg tegn på sjukdom er når Ingrid ikkje vil ha druer. Då er det blodig alvor. Nananana. Tradisjonen tru så har eg ikkje oversikt over dei gjeldande reglane for eigenmeldingar og hadde eg hatt det så hadde eg vore like langt, for eg veit ikkje kor mange dagar eg har brukt dei tolv siste månadane. Eg syter litt med å setja meg ned med formannen for å ta ein jønågong og sjå korleis eg ligg an med tanke på framtidige eigenmeldingar og om eg kva eg eventuelt skal gjere for å unngå ein karantene. Eg har hatt karantene før (rett nok berre ein gong på sytten år, men likeve...

Starstruck

Og forresten: Jeg drakk øl med Arnstein og Beelzebub og Arnfinn og Rånni og Ralf og enda noen til, og det var da vi sto ute og røyka at Rånni sier følgende: EG HAR SNAKKT ME BESTEKAMERATEN TE ODD GRYTHE. Det er noe av det beste jeg har hørt. Jeg kunne ikke slutte å le.

Testingtesting

I går, medan eg endå ein gong rusla under lauvverket i ein kveldsmørk Vålandsskog fekk eg ein idè.  Eg tenkte at eg kunne kommersialisera bloggen min for å nå fleire lesarar og auka engasjementet hjå dei eg har. Eg fekk upåklageleg tilbakemelding når eg ba om innspel på tema å skrive om for ei tid tilbake. Vel, denne gongen vil eg gå lenger. Eg tilbyr produkt-testing. Eg ser at det er i vinden der ute i bloggverda. Eg tenkte at det skulle foregå på følgande måte: Dykk sender ein mail til ei mailadresse som eg vil lage, og så gjer eg opp postadressa mi, og så kan dykk sende meg ting som dykk meinar bør testas. Det einaste eg kan lova er at konklusjonen etter testing kjem til å vera subjektiv. For å overbevisa dykk om at dette KAN vera ein god plan, så vil eg byrja med å teste produkt som eg allereie har tilgang til. Kva seier dykk til det? Hæ?

Byas pyas pompompei

Eg undrast på når den dagen kjem, at eg kan reisa heim for ei helg og koma attende til byen og ha ei kjensle i bringa som er meir glad enn trist. Kanskje aldri. Tre år er i alle høve ikkje nok. Banda som bind meg til heimgarden min er sterkare enn eg trudde dei kunne verte. Dei stramar kring strupen slik at det vert vanskeleg å pusta fritt. Det er fint å sjå ungane leike i ein bekk saman med Rållså. Sjå gleda deira ved å klemma på røyksopp så den grøne osen står som ei sky. Det er litt skremmande å sjå kor uvande dei er med dyr. Eg tok dei med til ein nabo for å helsa på småkalvane hans, og Ingrid haldt seg for nasen heile tida, og dei torde knapt å ta handa fram for å klappa kalvane, og å la dei patta på fingrane var heilt uaktuelt. Ungane våre er byasar og det er vår eiga skuld

På grensa til harmoni

Det beste med den jobben eg har er slike morgonar som dette. Fylle opp kaffikoppen, klatre opp i kranen, setje seg i stolen og akkurat få med meg at Sola strekk seg over ryfylke og lagar ei brei, glitrande stripe i gandsfjorden før ho byrjar på si vandring over himmelen. Eg opnar vindauget og slepp inn luft som har fått eit skarpt, haustleg drag. Eg senkar lossearmen ned i lasterommet og let tankane vandre. Det er vel ro det som fyller meg. På grensa til harmoni. Eg har skrive nokon av mine beste tekstar her oppe. Til den monotone duren frå kompressoren. I akkurat denne stemninga. Og ein heil del bloggpostar Eg hadde det slik i ein periode, at eg freista å sjå på kva som dreiv folk til ekstreme handlingar og kva som kverna inni dei. Mange tekstar vart for utvatna, vokabularet mitt på engelsk vart for skrint, slik at prossessen med å lage sangen endra innhaldet. Klemte inn eit ord her eller ei staving der. Vart halvt drukna i rockegitarar eller andrestemmar. Eller eg klar...

Er nå stemmerett for alle så lurt?

Eg prøver ut eit nytt konsept: Eg bloggar på nynorsk i protest mot stortingsvalet. Mot Siv Jensen som berre har ei utdanningspolitisk fanesak: Å fjerne nynorskfaget frå skulen. Og sjølv om Erna Solberg er ei lita tøysejente, så veit eg at hennar parti har ein liknande agenda. Meir fokus på blåruss-faga, meir karakterar, mindre rålls.  Venstre stoler eg ikkje på. Og Krf trur eg dykk veit kva eg tykkjer om. Eg er litt enig med litlesøster Frekkesen: Eg er ikkje sikker på om stemmerett til alle er så lurt. Når ein ser kor mange som har stemt Høgre, Venstre og Krf og dermed Frp fordi dei er 'lei' av Stoltenberg. Landet med verdas beste økonomi, verdas beste levestandard. Vi set JENSEN i posisjon fordi vi er lei av Stoltenberg. Eg veit ikkje om eg skal le eller grine.

Føkk bussen

Me lyt byggja meir veg sa dei. Det er ikkje plass. Det er så trangt når me skal køyra på ein gong. Me har ikkje tid til å stå i kø. Eller lyst. Dessutan har klimafanatikarane gått av hengslene. Bussen seier du? Kva med bussen? Nei. Me vil heller køyra ein og ein. Me lyt byggja meir veg.